Hopp til innhald

Sjimpanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 5. august 2006 kl. 05:27 av Gunnar Mikalsen Kvifte (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sjimpanse
Sjimpanse
Sjimpanse (Pan troglodytes) i ein dyrehage
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Primates
Familie: Hominidæ
Slekt: Pan
Vitskapleg namn
Pan troglodytes
{{{etter klassifiseringa til}}}

Sjimpansen er ein menneskeape som lever i skogar i Afrika. Han høyrer til mellom dei dyra som står mennesket nærast evolusjonsmessig, faktisk er det berre mellom 5 og 0,6 % av gena som skil oss.

Skildring

Sjimpansar er ein menneskeape som på same måte som oss har motsette tomlar og manglar hale. Dei er dekt med mørk brun til svart pels, er mellom 130 og 170 cm høge når dei står på bakbeina, og veg mellom 30 og 40 kg i naturen. Individ i fangenskap kan derimot vega opp mot 100 kg.

Utbreiing

Sjimpansar lever vilt i regnskog og tresavannar i vest- og sentral-Afrika.

Åtferd

Sjimpansar er sosiale, dagaktive dyr som lever vekselvis på bakken og i tre. Dei lever i flokkar på mellom 15 og 150 dyr leidd av ein dominerande hann. Den sosiale rangordninga kjem fram gjennom eit avansert kroppsspråk, som hovudsakeleg baserer seg på andletsuttrykk.

Sjimpansen og mennesket

Sjimpansen står mennesket nærare enn noko anna dyr. Dette har ført til at han er mykje brukt både i forskning og underhaldning, noko som har vorte eit trugsmål for bestanden. Kanskje er trugsmålet gjensidig; nokre forskarar meiner t.d. at HIV-viruset oppsto i sjimpanseflokkar før det spreidde seg til menneske.

Kjelder

"Vår fantastiske verden", Skandinavisk Presse AS 1990