Hopp til innhald

Sigd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mai 2021 kl. 11:18 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Innhausting med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sjå òg den etiopisk-jødiske sigdhøgtida
Ein sigd frå Nordmøre. Denne typen relativt rettblada sigd er den eldre typen i Noreg.
Ein sigd frå Sogn. Denne krumblada sigdtypen er relativt ny i Noreg.
Ein sigd

Ein sigd er ein jordbruksreiskap med meir eller mindre kurva blad og kort handtak. Sigdar blei brukte til å hausta kornavlingar for hand før ein tok i bruk maskiner til å gjera dette.

Bladet på sigden er skarpt på innsida av kurva, og ein svinger dette mot botnen av strået som blir skore og samstundes fanga opp i sigden.

Eit blad som har blitt brukt til å skjera kornslag, som inneheld silisiumdioksid (SiO2), får eit særskilt skin av dette. Dette særpreget kan arkeologar nytta til å sjå om eldgamle steinreiskaper har vore brukte til jordbruk.

Som symbol

[endre | endre wikiteksten]

I gresk mytologi brukte Kronos og Persevs sigden som våpen. I romersk mytologi hadde guden Saturn sigd som symbol.

Innan kommunismen blei hammaren og sigden eit symbol på arbeidaren og bonden. Dette symbolet blei mellom anna brukt i det sovjetiske flagget.