Hopp til innhald

Harald Henden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Henden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1960
Porsgrunn
Død

3. juli 2024 (63 år)
Diakonhjemmet Sykehus

Yrke pressefotograf, pressefotograf
Språk norsk

Harald Henden (7. november 19603. juli 2024)[1] var ein norsk pressefotograf og journalist for avisa Verdens Gang sidan 1987.[2][3] Den 28. juni 2024 blei han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden for sin innsats som fotograf.[4]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Harald Henden var opphavleg frå Porsgrunn.[4] Historia om hans virke som pressefotograf blei gjeven ut i biografien «I krig og ensomhet», ført i pennen av Svein Tore Bergestuen i 2018.[2]

Under eit oppdrag i 2001 på Vestbreidda i Palestina, under den andre intifadaen, blei Henden skadd av ei gummikule mot bakhovudet.[2] Henden dekte Gulfkrigen i 1991, og under Irak-krigen i 2003 dekte han førebuingane til dei amerikanske styrkane i Kuwait og blei med dei fyrste styrkane inn i Bagdad.[5]

Den 14. januar 2008 var Henden ein av fleire norske journalistar til stades under terroråtaket på Hotel Serena i Kabul.[6]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1995: Årets Bilde, frå Pressefotografenes Klubb, Afghanistan[7]
  • 1999: World Press Photo Awards, Children's jury 1. prize Award, for bilete av ein flyktninggut i Kosovo.[2]
  • 2000: World Press Photo Awards, 1.-prize kategorien «Vitenskap og teknologi» for biletet «Kjærtegn».[8]
  • 2000: Årets Bilde, frå Pressefotografenes Klubb, for biletet «Kjærtegn»[9][10]
  • 2004: Den store journalistprisen[11][12]
  • 2015: Røde Kors-prisen[13]
  • 2024: Pressefotografenes ærespris[12]
  • 2024: Fritt Ord-prisen[14]
  • 2024: Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden[4]
  1. Buggeland, Sven Arne (3. juli 2024). «Krigsfotografen Harald Henden (63) er død: –⁠ Han har vært vårt vitne». VG (på norsk bokmål). Henta 3. juli 2024. «Døden var ikke fremmed for ham. Han var ikke redd for å dø.» 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 VG (26. oktober 2018): Harald Henden (57) har fotografert krig i 30 år: − Privatlivet fikk lide, hentet 24. januar 2022
  3. journalisten.no (27. juni 2017): Harald Henden har fotografert de mest sårbare ofrene i krigen mot IS, hentet 24. januar 2022
  4. 4,0 4,1 4,2 NRK (28. juni 2024). «Harald Henden utnevnt til St. Olavs Orden». NRK (på norsk bokmål). Henta 28. juni 2024. «VGs mangeårige fotograf Harald Henden fra Porsgrunn utnevnes fredag til ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Han får utmerkelsen for sin fotografinnsats.» 
  5. «Harald Henden vet at han ikke har mye tid igjen.». www.bt.no (på norsk bokmål). 13. januar 2024. Henta 13. januar 2024. 
  6. Dagbladet (13. mars 2008): Misnøye med Støre, hentet 24. januar 2022
  7. Geard, Kathrine (29. februar 2008). «Årets Bilde 1995, Harald Henden, VG». www.journalisten.no (på norsk bokmål). Henta 13. januar 2024. 
  8. «2001 Harald Henden ST1 | World Press Photo». www.worldpressphoto.org. Henta 13. januar 2024. 
  9. Kalajdzic, Pedja (26. oktober 2018). «Manon (1) dør mens krigsfotograf Harald Henden tar bilde av ham». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. januar 2024. 
  10. «Om Årets bilde | Årets bilde». xn--retsbilde-42a.no. Henta 13. januar 2024. 
  11. Simonsen, Endre (17. november 2023). «VG-fotograf forteller om sykdom i podkast». www.m24.no (på norsk bokmål). Henta 13. januar 2024. 
  12. 12,0 12,1 AS, TV 2 (15. mars 2024). «Hyllet fotograf-legende: - Verden trenger dine bilder». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 15. mars 2024. 
  13. Michalsen, Gard L. (18. juni 2015). «Harald Henden fikk Røde Kors-prisen for sin «formidling av krigens lidelser»». www.m24.no (på norsk bokmål). Henta 13. januar 2024. 
  14. «Fritt Ord-pris til VG-fotograf Harald Henden». VG (på norsk). 12. april 2024. Henta 12. april 2024. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.