Hopp til innhald

Hongkong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hong Kong)
Hongkong
香港
spesiell administrativ region
Flagg
Symbol
Forkorting: Hong Kong SAR  /  HKSAR
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Folkerepublikken Kina, Aust-Asia
Hovudstad Hongkong
Areal 1 105,69 km²
Folketal 7 413 070 (2021)[1]
Språk engelsk, kantonesisk
Tidssone UTC +8
Retningsnummer +852
Kart
Hongkong
22°16′42″N 114°09′31″E / 22.278333333333°N 114.15861111111°E / 22.278333333333; 114.15861111111
Wikimedia Commons: Hong Kong

Hongkong[a] (pinyin Xiānggǎng eller Yale romanisering av kantonesisk Hēunggóng) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong. Hongkong ligg på ei halvøy kalla «dei nye territoria» og på øya Hong Kong. Hongkong har om lag 7,5 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav ho året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg mot å krevje området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtala slo fast at Hong Kong fekk rett til å halde fram med kapitalistisk økonomi og demokratisk styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Universitet er mellom anna Hongkongs polytekniske universitet[2] (også kalla PolyU), Lingnan-universitetet,[3] The Education University of Hong Kong[4] og Chinese University of Hong Kong.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielt namn: kinesisk 中華人民共和國香港特別行政區, engelsk Hong Kong Special Administrative Region of the People's Republic of China.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.censtatd.gov.hk/en/scode600.html.
  2. Holm, Gro (17. november 2019), «Politiet stormer universitet i Hongkong: Demonstranter har tent på inngangen», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2019 
  3. Strømmen, Kjersti (16. november 2019), «Kinesiske studenter: – Vi angrer på studier i Hongkong», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2019 
  4. University title approved, HK Government news, 26. januar 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hongkong
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.