Hopp til innhald

Tianjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiānjīn
天津
by
Utsyn over Tianjin.
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Huabei
Areal 11 920 km²
Folketal 13 866 009 (2020)[1]
Grunnlagd 304 f.Kr
Tidssone UTC + 8
Postnummer 300000–301900
Retningsnummer 22
Kart
Tianjin
39°08′48″N 117°12′20″E / 39.146666666667°N 117.20555555556°E / 39.146666666667; 117.20555555556
Wikimedia Commons: Tianjin

Tianjin (forenkla kinesisk 天津, pinyin Tiānjīn, Wade–Giles T'iēn-chīn, kinesisk postalromanisering Tientsin) er ein av fire byar som er direkte underlagt sentralstyresmaktene i Folkerepublikken Kina. Han ligg i Nordaust-Kina, der fem elvar renn saman og dannar Hai He. Tianjin var tidlegare ein del av provinsen Hebei og grensar til Hebei på alle sider, bortsett frå i nordvest der Beijing ligg.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Tianjin består stort sett av sletteland. Her vert dyrka korn, jordnøtter, linfrø, grønsaker og frukt. Her finst også oljeproduksjon, saltutvinning, og ulike typar industri, særleg maskinproduksjon av ulikt slag. Her er også mykje skipstrafikk.

Styresmakter

[endre | endre wikiteksten]

Leiaren for lokalavdelinga til Kinas kommunistparti er Li Hongzhong, og borgarmeisteren er Zhang Guoqing (2019).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tianjin
Spire Denne Kinaartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.