Hopp til innhald

L'Aquila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
L'Aquila
by
Sentrum av L'Aquila
Våpenskjold
Land  Italia
Region Abruzzo
Provins L'Aquila
Areal 473,91 km²
Folketal 69 558  (1. januar 2023)
Grunnlagd 1259
Borgarmeister Pierluigi Biondi
Postnummer 67100
Retningsnummer 0862
Kart
L'Aquila
42°21′14″N 13°23′31″E / 42.354008333333°N 13.391991666667°E / 42.354008333333; 13.391991666667
Wikimedia Commons: L'Aquila

L'Aquila er ein by sentralt i Italia. Han ligg mellom mellomaldermurar på ein ås i den vide dalen til elva Aterno og er omgjeve av Appenninane med Gran Sasso i nordaust. Han er både hovudstad i regionen Abruzzo og i provinsen L'Aquila. Byen har 72913 innbyggjarar.

Byen består av eit virrvar av smale gater mellom bygningar og kyrkjer frå barokken og renessanse og opne piazzaer. Byen har eit eige universitet, Universitetet i L'Aquila, eit teater, eit symfoniorkester, eit kunstakademi, eit statskonservatorium og eit filminsitutt.

Byen vart grunnlagd som Aguila av Fredrik II av Det tysk-romerske riket ut frå fleire landsbyar som alt eksisterte (99 i følgje ei lokal segn). Bygginga av byen stod ferdig i 1254 av son til Fredrik Konrad IV av Tyskland. Namnet vart endra til Aquila degli Abruzzi i 1861 og til L'Aquila in 1939. Då Konrad døydde vart byen øydelagd av bror hans Manfred i 1259, men vart bygd opp att av Karl I av Anjou, etterfølgjaren hans som konge av Sicilia. Bymurane rundt byen stod ferdig i 1316.

Han var raskt den nest største byen i Kongedømet Napoli og var sjølvstyrt.

Byen vart plyndra to gonger av franske troppar under napoleonskrigane i 1799.

Byen og det omkringliggjande distriktet vart 6. april 2009 ramma eit jordskjelv der minst 294 menneske omkom og 30000 vart huslause.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]