Hopp til innhald

Røntgenstråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit røntgenbilde viser beina i føtene.

Røntgenstråling er ein type ioniserande elektromagnetisk stråling som har særskilde eigenskapar i høve til biologisk materiale. Strålinga har kortare bølgjelengd enn ultrafiolett stråling, men lengre bølgjelengd enn gammastråling, det vil seie ca. mellom ti nanometer og ti pikometer.

Strålinga kan mellom anna trenga gjennom mjukt vev i menneskekroppen, men ikkje skjelettet eller tyngre stoff som bly. På grunn av dette blir det mykje brukt mellom anna innan helsevesenet til å ta bilde av innsida av kroppen. Strålinga blir òg brukt innan materialundersøking og krystallografi.

Strålinga kan òg skada kroppen og aukar risikoen for å få kreft. På den andre sida blir ho òg brukt til å drepa kreftsvulstar i stråleterapi.

Fysikaren Wilhelm Röntgen oppdaga strålinga i 1895,[1] og tok det første røntgnebildet, av handa til kona si. For dette fekk han den første Nobelprisen i fysikk i 1901.

  1. Holtebekk, Trygve (19. mai 2011), «Røntgenstråler», Store norske leksikon, henta 22. januar 2017 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]